1. Gradvis opptining

Ett døgn før pynting: sett treet inn i garasjen eller boden, der det er ein mellomtemperatur - me må lure treet til at det blir vår!

2. Sag av litt i rota

For å få treet til å drikke bedre, bør ein skjæra av ei tynn skive i rota for å få eit friskt snitt. Pass på å ikkje sage av for mykje (ein cm er nok!).

3. Sett treet i eit spann med vatn

Fyste døgnet kan treet drikke fleire liter vatn. Sett derfor treet i eit spann vatn når tininga startar.

4. Bør ikkje stå for nær varmekjelder

Fyst og fremst for treet sitt beste! Men også med tanke på brannfare.

5. Sørg for at treet alltid har vatn

Går juletrefoten tom, blir det ei "hinne" i rota som reduserar vatntransporten. Skal du bort, kan du feste ei brusflaske med vatn opp-ned i foten.

Stjerna monterast i toppen av treet

God Jul! 🎄